Mini galleri

Har nokre bilder som eg viser fram om du ynskjer å sjå korleis dei er på veggen. Ta kontakt så avtalar vi tid for ein liten visning i minigalleriet mitt her i Håkon 7.veg 17 i Øvre Årdal.
Sjå også andre bilder her

 

 

 

Masterclass Print workshop i Oslo

Dette er ein workshop eg har hatt lyst til å delta på dei siste par åra. I haust var eg heldig og kom med på kurset som var no på seinhausten

Kursleiarar var fotograf Morten M. Løberg og Per Arnfinn Persen i Profil Data. Morten har lang erfaring som fotograf, billedkunstnar og som fagmedarbeidar i tidsskriftet Fotografi. Per Arnfinn er ekspert på fargekalibrering og fotoskrivarar, og har lang erfaring med Epsons profesjonelle storformatskrivere.

Workshop var over to dager i klargjøring, justering og printing av bildefiler til «fine art» ink jet fotoutskrift på kunstpapir.


Her er eit av bileta eg fekk printa i stort format ved god fagleg hjelp.  Morten Løberg er vel kanskje den som kan mest om fotopapir her i landet. Han fann eit skikkeleg fin kunstpapir til eit av bilda mine.

Justere foto før printing

Når du printar eit foto vil fargar og kontrast variere på ulike fotopapir og lerret.

Det er sikkert fleire som har fått att utskrifter som  ikkje er slik dei var på din eigen skjerm. Dette kan ha fleire gunnar . Det er t.d. ikkje sikkert den skjermen du har heime er rett justert.

Ei lita testutskrift med justeringar kan hjelpe deg å få biletet slik du vil.
Her har eg ei slik utskrift av eit svart / kvitt foto

Utskrift av foto i stort format

Fotoutskrifter frå ein storformatskrivar er verkeleg flott. Du får fargar og detaljar som du ikkje legg merke til når du ser på foto i mindre format på mobil eller nettbrett.

Finn fram eit av dei gode bileta dine og lag eit bilete i stort format.
Fotopapiret du vel må også passe til biletet du har.

Du har sikkert mange foto som kan bli eit kunstverk å ha på veggen