Har nokre bilder som eg viser fram om du ynskjer å sjå korleis dei er på veggen. Ta kontakt så avtalar vi tid for ein liten visning i minigalleriet mitt her i Håkon 7.veg 17 i Øvre Årdal.
Sjå også andre bilder her
Fotoprint og sal av naturbilete
Har nokre bilder som eg viser fram om du ynskjer å sjå korleis dei er på veggen. Ta kontakt så avtalar vi tid for ein liten visning i minigalleriet mitt her i Håkon 7.veg 17 i Øvre Årdal.
Sjå også andre bilder her
Dette er ein workshop eg har hatt lyst til å delta på dei siste par åra. I haust var eg heldig og kom med på kurset som var no på seinhausten
Kursleiarar var fotograf Morten M. Løberg og Per Arnfinn Persen i Profil Data. Morten har lang erfaring som fotograf, billedkunstnar og som fagmedarbeidar i tidsskriftet Fotografi. Per Arnfinn er ekspert på fargekalibrering og fotoskrivarar, og har lang erfaring med Epsons profesjonelle storformatskrivere.
Workshop var over to dager i klargjøring, justering og printing av bildefiler til «fine art» ink jet fotoutskrift på kunstpapir.
Her er eit av bileta eg fekk printa i stort format ved god fagleg hjelp. Morten Løberg er vel kanskje den som kan mest om fotopapir her i landet. Han fann eit skikkeleg fin kunstpapir til eit av bilda mine.
Det er sikkert fleire som har fått att utskrifter som ikkje er slik dei var på din eigen skjerm. Dette kan ha fleire gunnar . Det er t.d. ikkje sikkert den skjermen du har heime er rett justert.
Ei lita testutskrift med justeringar kan hjelpe deg å få biletet slik du vil.
Her har eg ei slik utskrift av eit svart / kvitt foto
Finn fram eit av dei gode bileta dine og lag eit bilete i stort format.
Fotopapiret du vel må også passe til biletet du har.
Du har sikkert mange foto som kan bli eit kunstverk å ha på veggen